Suksessrik Finn Fram dag i regnvêr!
Postet av Norges Orienteringsforbund den 2. Sep 2025
Flott med rundløype i orientering – med oppgåver i bruk av kart og kompass!
Over: Kari Thuseth og Tindra Thuseth i full konsentrasjon i o-løypa.
Av Thomas Førde
For dei om lag 150 deltakarane under årets Finn Fram dag på stranda og i parken i Førde i Hordaland fekk regnvêret ikkje høve til dempa på humør og innsatsvilje. Barn og vaksne kunne med liv og lyst testa seg sjølv i speed-orientering, bæring av vassbøtter på strak arm, kanopadling, pilkast, hesteskokasting og luftgeverskyting.
Hovudarrangør, Sveio O-lag hadde dessutan laga ei rundløype med åtte postar, som alle var utstyrte med oppgåver innan bruken av kart og kompass.
På fleire stader i rundløypa kunne ein ta seg pause og smaka på pølser i brød, nysteikte vaflar eller pinnebrød. Det vanka premiar i alle øvelsar.
Ved sida av Sveio O-lag som hovudarrangør, leverte Førde-speidarane, Bua-speidarane, Spretten 4 H og Sveio Turlag viktig bidrag til suksessen.
Foto:
Sondre Frøland Førde (4) testar o-løypa med tidtaking.
Speidarane samla seg rundt bålet og produserte pinnebrød. Frå venstre: Ada Nerland, Stian Svarstad, Karl Erik Ravn Ottesen, Lea Nerland, Edith Steindal Halleraker, Sina Nerland, Theo Strømøy, Ida Kristine Ottesen og Tonje Teigland.
Marit Tjoflot kastar hestesko.
Tobias Tjoflot Lysen testar luftgeverskyting under instruksjon av Inge Berglund.
Kanopadling var populært. Dei tre padlarane er frå venstre: Jakob Andre Tjelle Svarstad, Halvor Tjelle Svarstad og Axel Bråtveit Økland.
God omsetnad av pølser og nysteikte vaflar i kiosken til Sveio O-lag.
Tøffe tak i tevlinga med vassbøtter på strak arm. Her er Lasse Haldin (12) i aksjon medan veslebror Einar (6) ventar på tur.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Norges Orienteringsforbund

The Yangtze River Delta Orienteering Tour!
02.09.2025

«Nesten mer enn vi hadde forventet!
02.09.2025